...
GJER KLART:Location manager Eirik Vaage frå Frost Media (t.v.) og linje-produsent Hartmut Damberg frå Studio Hamburg Production Gmbh gjer seg klare for filmopptak med Sogndal som base denne sommaren.

Skal spela inn to filmar

Etter vellukka opptak i Kalvåg sist sommar, har den største TV-kanalen i Tyskland no fått augo opp for Sogn

Ole Kristian Åset E-post
Publisert 23.03.2010 kl 08:30 Oppdatert 23.03.2010 kl 08:36

Tips ein venn på e-post:


Rundt 50 filmfolk og skodespelarar vil ha Sogndal som base for opptak gjennom heile juni og juli.

– Noreg har fantastiske locations for filmopptak, og etter å ha filma i Kalvåg og Bremanger i fjor, ynskjer me no å skyta film i fjordmiljøet ved Sognefjorden, seier linjeprodusent Hartmut Damberg frå produksjonsselskapet Studio Hamburg Production Gmbh.

To filmar

– Me skal laga to filmar på 90 minutt for den tyske statskanalen ARD Das Erste, og me trur at programma vil bli sett av mellom 10 og 12 millionar tyskarar til saman, i beste sendetid. Dette er topp noregsreklame, og me kan berre tenkja oss kva dette vil ha å seia for turismen til Sognefjorden, seier location manager Eirik Vaage frå Frost Media.

Han har funne fram til spanande opptaksstader i Sogn som han den siste veka har vist til Hartmut Damberg frå det tyske produksjonsselskapet. Dei kan røpa at Solvorn og Fjærland er nokre av stadene dei har kika på, men ingen ting er fastsett enno, anna enn at det vil bli opptak i Bokbyen sidan sentrale delar av handlinga i den eine filmen går føre seg der.

– Både Fjord Noreg og Innovasjon Norge er samarbeidspartnarar i prosjektet, seier Vaage.

Les meir om filminnspelinga i papiravisa tysdag.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.