Ein søknad om 50.000 kroner til eit kulturshow skapte debatt i Sogndal formannskap.
Kommunen har fått ein søknad frå bomselskapet om 50.000 kroner i tilskot til eit kulturshow som skal markera slutten for bomstasjonen i Fjærland.
26. november er det slutt for ein av landets dyraste bomstasjonar, og det vil AS Fjærlandsvegen markera.
Får att aksjekapital
– Me har ofte flotte opningar av nye vegstrekningar. Me har ikkje tradisjon og historie for avslutning, sa ordførar Jarle Aarvoll, som meinte 20.000 kroner var ein meir passande sum.
I søknaden blir det vist til at kommunen får att aksjekapitalen på 250.000 kroner seinare, men ordføraren var klar på at tilskotet ikkje kunne takast som avkorting av denne.
Karen Marie Hjelmeseter (Sp) ville støtta eit slikt arrangement. Eline Orheim (Ap) stilte spørsmål om kulturshowet var for folk flest, medan Helge Torstad meinte 30.000 var eit rimeleg tilskot.
– Me stør dette, heilt opp til 50.000 kroner. Det blir eit flott opplegg, kombinert med tenning av julegrana. Ein burde feira ei kvar avvikling av ein bomstasjon, sa Kjetil Ertesvåg (Frp).
– Me i Fjøra ser fram til denne dagen. Det i kulturhuset blir nok ikkje for almenta, for det er ikkje plass til det, sa Rita Navarsete (Frp).
Heidi-Kathrin Osland (SV) undra seg over at det ikkje står kven andre bomselskapet har søkt om stønad frå. Samstundes peika Osland på at kommunen brukte mindre på kultur enn budsjettert, og at ein snart skal ha rekneskapsavslutning. Totalkostnaden med kulturshowet er på 150.000-200.000 kroner. Frå Fylkeskommunen er det kome tilsegn på støtte på 20.000 kroner.
Dyrast
– Når me er den største aksjonæren og vertskommune, så må me heva oss noko over dei andre. Dette er ei markering av ein epoke som er forbi. Me får attende aksjekapitalen ved eit seinare høve. Me skal vera litt rause denne gongen, sa Karen Marie Hjelmeseter.
– Eg stussar litt over dette. Me har hatt landets dyraste bomstasjon, skal me difor ha landets dyraste bomavslutningsfest? sa Eline Orheim.
Heller ikkje Astrid Hove (Ap) tykte det var rimeleg at Sogndal skal bidra med ein tredel av kostnaden når det er 13 aksjonærkommunar i bomselskapet, og når næringslivet og er meint å bidra.
Rådet frå rådmannen var å gje ordføraren nokre signal å formidla vidare, men å ikkje ta opp saka til handsaming no, noko formannskapet slutta seg til.
– Eg vil melda tilbake at denne storleiksorden er i meste laget, og vil be om fleire opplysningar om kven som er med og finansierer det, sa ordførar Aarvoll.
Nye kommentarar