To av landets fremste musikalske kvinner er klare for Balejazz.
«Årets kvinnelege artist» under årets Spellemannspris, Noora Noor, kjem til Balejazz.
Det gjer også den suksessrike og plateaktuelle jazzartisten Hilde Louise Asbjørnsen.
Fyrverkeri
Balejazz er stolte over å kunna sleppa til den fantastiske soulstemma til Noora Noor! I fjor gav ho ut plata «Soul Deep» – og det var dette albumet som gav henne «Årets kvinnelege artist» under Spellemannprisutdelinga for nokre veker sidan. Noora Noor er eit fyrverkeri på scena, og hausta terningkast seks i VG, medan musikkjournalistane i Aftenposten og Adresseavisen gav ho fem på terningen.
– Me er også glade for å kunna presentera Hilde Louise Asbjørnsen. Denne nydelege jazzstemma er i ferd med å gje ut sitt femte album, «Never Ever Going Back» (er snart i butikkane). Denne plata har alt rekt å få svært gode kritikkar i norsk platepresse. Albumet er ei lystig reise i Asbjørnsens sine flørtande melodiar og tekstar, i ein groovy og original produksjon, heiter det i pressemelding frå Balejazz, som i år går av stabelen 7. til 9. mai.
Meir i vente
Heile programmet til Balejazz, reknar ein med å ha klart i løpet av neste helg.
– Dette er me stolte av å kunna presentera og publikum har mykje å gle seg til, lovar Balejazz-general Sigurd Kvikne
Nye kommentarar