...
TABBE:Dei to mennene frå Litauen tok bilete av seg sjølve med eit kamera dei har stole. Dette var med på å styrkja det øvrige bevismaterialet i saka, som synte seg å vera særs omfattande. Foto: Politiet

Tjuvar får svi

Dei to mennene frå Litauen hevda dei var på fisketur i Årdal, men vart ikkje trudd i retten. No er dei dømde til fengsel for over 50 tilfelle av tjuveri over heile landet.

Hanne Stedje E-post
Publisert 19.03.2010 kl 18:31 Oppdatert 19.03.2010 kl 18:31

Tips ein venn på e-post:


Det var i byrjinga av juni i fjor at politiet i Årdal fekk melding om innbrot i to bilar i Seimsdalen, der GPS-utstyr, kontantar og kredittkort forsvann i løpet av natta.

Same natt vart ein bag med godt brukte og nokså illeluktande overtrekksdrakter tilhøyrande Årdal FK stolen frå ein garasje på Tippen. Den dukka opp eit par dagar seinare i ei veggrøft på Gjøvik.

Tre tilfelle i Sogn

To menn på 24 og 28 år frå Litauen vart denne veka dømde for både desse og godt 50 andre tilfelle av tjuveri frå Senja i nord til Sogn i sør. Dei må no bu seg på å sitja inne i høvesvis to år og eitt år og åtte månader som følgje av tjuveraidet.

– Dei er dømde for til saman tre tilfelle av tjuveri her i Årdal, noko som stemmer overeins med det me mistenkjer dei for, opplyser førstebetjent Helge Øvstetun ved Årdal lensmannskontor.

Les meir om saka i Sogn Avis i dag.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.