– Får me ikkje på plass ein ny leiar i styret står heile korpset i fare, seier Tove Nødset.
Saman med Britt Elin Yttri og Bent Bergli i valnemnda har ho den tunge jobben med å skaffa nye medlemmer til styret for Kaupanger skule og ungdomskorps.
Utkryssa lister
– Årsmøtet med val skal vera komande tysdag, og no er me berre heilt fortvila. Me har ringt og spurd og ringt og spurd, utan resultat, seier dei to damene og syner fram ei av dei mange utkryssa listene med namn.
Det er først og fremst ein leiar som er den store utfordringa, men styret treng òg eit styremedlem som skal vera bindeleddet til den som fører rekneskapen for korpset.
– Leiarvervet er i utgangspunktet for eitt år, seier dei to damene i valnemnda som også er aktive i korpset.
Kan bli nedlagt
Kaupanger skule og ungdomskorps samlar både unge og vaksne musikantar i bygda, og stiller villig opp med musikken sin anten det er marknad, konsertar eller 1. eller 17. mai.
– I verste fall kan me risikera at korpset må leggjast ned dersom me ikkje har folk som vil sitja i styret, seier Yttri, og vonar eit naudrop i avisa skal få nokon til å vakna. Då står dei tre i valnemnda klare med opne armar.
Nye kommentarar