Opnar tidlegast i morgon.
Stor rasfare gjer at Rv 5 i Kjøsnesjorden er stengd, og vil tidlegast vert opna att i morgon, opplyser Statens vegvesen.
Stengde vegar
Det gjekk fleire ras i går, og ein del har komme ned i vegbana. Rasmagasina som skal fange opp snøen bak rasvollane er fulle, og då vil eventuelle skred blåsa over og ned i vegen. Det er òg meir snø og is att oppe i fjellet.
Statens vegvesen ser seg òg nøydd til å stengja fleire andre vegar på Vestlandet grunna skredfare. Vegane som er eller vert stengde er:
Rv. 5 Kjøsnesfjorden: Stengd fordi faren for skred er svært stor.
Fv. 53 Tyin-Årdal: Stengd på grunna av skred. Her vil vert gjort vurdering i morgon om når vegen kan opnast.
Rv. 13. over Vikafjellet er stengd grunna skred, og ein vil vurdera på nytt i morgon 20. mars om vegen kan opnast att.
Fv. 50 Hol-Aurland - vert nattestengd frå klokka 22.00 til klokka 07.00
Rv. 7 over Hardangervidda her er meldt aukande vind og uvér slik at det kan bli innført kolonnekjøring på kort varsel.
Nye kommentarar