...

Knipsa 17 gonger av fotoboks

Gøymde seg bak solskjermen.

Eli Grotle E-post
Publisert 19.03.2010 kl 15:17 Oppdatert 19.03.2010 kl 15:35

Tips ein venn på e-post:


Totalt vart det lagt fram 17 såkalla ATK -saker, (Automatisk trafikkovervaking) der tiltalte sin bil var nytta. På samtlege bileter, unnateke av eitt, var solskjermen dradd ned og mannen strakte hals for å skjula ansiktet sitt.

I fire av tilfella, meinar påtalemakta at dei hadde prov gode nok til overtyda retten om at det var eigaren av bilen som sat bak rattet. Eitt av prova var biletet frå 2005, der føraren var litt for sein til å gøyma seg før han vart fotografert.

Årdølen i slutten av 30-åra, nekta for at det var han som hadde køyrt bilen. Han meinte det var kompisar som hadde lånt bilen og drive gjøn med han. Noko retten ikkje festa lit til. Dei fire tilfella han måtte svare for i retten, omhandla fartsoverskridingar frå 91 km/t til 98 km/t i 80-sona.

Retten meinar at hakepartiet på personen bak rattet avslører at det er årdølen som er sjåfør i alle dei fire sakene som retten skulle ta stilling til. Han må difor gjere opp for syndene sine og retten har fastsett bota til 20.000 kroner. Han må i tillegg betala sakskostnader på 5000 kroner.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.