Tung, våt snø fanga Olav J. Bøtun på Vikafjellsvegen mellom Storesvingen og Storehaug.
Ein buss og fem personbilar vart fanga av snøskred som losna i Skredene som er åreviss gjengangar ved påsketider. I dag var 17 personar vitne til naturkreftene. Olav J. Bøtun fekk dei heilt inn på kroppen.
– Eg stod og snakka med Thale Halset som sat i bilen framfor oss.
Bom stogg
Olav J. Bøtun hadde ikkje sjanse å koma seg unna då snøspruten kom veltande nedover fjellsida.
– Heldigvis hadde var det nokon som hadde spade i bilen, elles hadde eg stått her enno, seier Bøtun.
Fresvikjen var på veg til Bergen i lag med kona Øydis fredag morgon. I Skredene var det bom stogg.
– Eg stod med snø opp til hoftene og prøve å grava meg laus med hendene, men det var sjanselaust. Snøen var blytung, seier Bøtun.
Brøytesjåfør Erling Stokkebø rydda vekk det første skredet klokka 09.15. Mildvêr og nedbør gjorde sitt til at Skredene var ekstra lunefull i går morgon.
– Heldigvis har det gått bra, situasjonen her oppe er likevel dramatisk, seier Stokkebø.
– Paralysert
– Kor mange skred er det snakk om?
– Minst 10 med stort og smått. Medan me stod her, kom ei susande i ein forferdeleg fart og me sprang det me var god til, seier Erling Stokkebø.
Øydis Kleppe Bøtun, som har teke skredbiletet, kunne pusta ut då ho kom seg ned til Vik.
– Eg stod fem meter frå mannen min då det eine skredet kom. Eg forstod ikkje kva som skjedde. Du bli paralysert, seier Bøtun.
Ho såg at bilen deira, med hengjar, vart løfta og trykt inn til rekkverket av snøen.
– Du får ein reaksjon etterpå. Åh, herregud, tenkte eg.
Nye kommentarar