...

Misbrukt som 9-åring

Melde overgrep tretten år etterpå.

Eli Grotle E-post
Publisert 19.03.2010 kl 12:56 Oppdatert 19.03.2010 kl 13:42

Tips ein venn på e-post:


Først då jenta vart 22 år melde ho frå om det seksuelle overgrepet slektningen hadde gjort mot ho.

I april må ein 28 år gamal sogning møta i Sogn tingrett tiltalt etter straffelova paragraf 195, seksuell omgang med barn under 14 år.

Overgrepet som omfattar samleie og forsøk på samleie, fann stad tilbake til 1996. Då var fornærma ikkje meir enn ni år gamal og vart utnytta av slektningen som var seks år eldre.

– Det er ikkje uvanleg at seksuelle overgrep vert melde til politiet fleire år i etterkant, seier politiadvokat Knut Broberg, som på vegner av Sogn og Fjordane statsadvokatembeter har teke ut tiltale i saka. Først i 2009 melde jenta frå til politiet om kva ho var blitt utsett for som niåring. Hendinga frå 1996 held seg godt innanfor fristen om forelding.

– Etterforsking og innhenting av prov vil bli gjort på vanleg måte, seier Broberg.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.