...

Svindla NAV

Fekk dagpengar på nesten 200.000 kroner.

Eli Grotle E-post
Publisert 19.03.2010 kl 11:43 Oppdatert 19.03.2010 kl 13:13

Tips ein venn på e-post:


Ei kvinne i 50-åra frå Årdal, er i Sogn tingrett dømd til 60 timar samfunnsstraff for å ha tileigna seg dagpengar frå NAV som ho ikkje hadde krav på.

I tidsrommet frå mars 2004 til mai 2006 sende ho inn krav om dagpengar, utan at ho førte opp på meldekortet dei faktiske timane ho jobba. Totalt utgjorde dette 197 536 kroner.

Kvinna melde seg arbeidsledig i 2004, og sa ikkje frå om at ho etter det vart tilsett i 25 prosent fast stilling. I tillegg jobba ho ekstravakter ved arbeidsplassen ho var tilsett.

Tiltalte nekta straffskuld på den bakgrunn at ho meinar at det ikkje er med forsett ho har fått NAV til å betala ut for mykje dagpengar. Ho meinar ho har ført skjema i samsvar med råda frå Aetat i Sogndal og trudde det var slik meldekortet skulle fyllast ut.

Sogn tingrett meinar noko anna. Dei dømer kvinna for grovt forsetteleg bedrag og peikar på at bedrageri av trygdesystemet er eit forhold som inneber eit alvorleg brot på den tillit som systemet krev for å fungera.

Hovedregelen er fengsel utan vilkår ved bedrageri over 60.000 kroner. Retten finn grunn til å fråvika hovedregelen, på grunn av etterfølgjande omstende. Saka låg to år hjå påtalemakta etter at krav om påtale vart sendt frå NAV. Ein tidsbruk som representerer eit brot på tiltalte sine rettar.

I tillegg legg retten vekt på tiltalte sin livssituasjon og konkluderer med at samfunnsstraff er det rette.

Dei har fastsett straffa til 60 timar samfunnsstraff. I tillegg må kvinna betala erstatning til NAV på 131 463 kroner og 2500 kroner i sakskostnader.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.