...
Programleiar Linda Eide var i tv-serien Norsk Attraksjon mellom anna i Fresvik, her ved minnesteinen til løparkongen Mensen Ernst. Foto: Kristin Helgeland Hauge, NRK

Målpris til Linda Eide

– Ho er eit nynorsk idol.

Publisert 19.03.2010 kl 14:18 Oppdatert 19.03.2010 kl 14:18

Tips ein venn på e-post:


Linda Eide får Målprisen til Hordaland Mållag for 2010.

Ho får prisen fordi ho ei årrekkje har vore – og er – ein framifrå, fargerik og humørskapande ambassadør for dialektbruk og bruk av nynorsk i radio, fjernsyn og andre media. Siste åra med storsuksessen: Norsk Attraksjon, skriv mållaget i ei pressemelding.

– I dei mange programma ho har laga for NRK har ho synt at Vossa-målføret og nynorsk er ypparlege reiskapar i ei frodig journalistisk verksemd der det er plass til det meste, heiter det i grunngjevinga.

Målprisen frå Hordaland Mållag 2010 er eit målarstykke av biletkunstnaren Liv Jorunn Skjold: "Jenter på trapp i Havråtunet".

– Linda Eide er uvanleg iderik og særs allsidig, ho spelar på mange og ulike talentstrenger og typisk for henne er eit usliteleg humør, humor, sjølvironi, det skeive blikket, dei uventa vinklingane og dei overraskande hendingane. Kort sagt ho er eit nynorsk idol, seier Einar Ådland, leiar i Hordaland Mållag.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.