Vert ikkje opna att etter skred

Vegen over Vikafjellet vert ikkje opna att i dag etter at 15–20 personar i ein buss og fem bilar vart sperra inne mellom to skred.

Tips oss: E-post: redaksjon@sognavis.no MMS: SOgn til 1982 Tlf: 57 65 60 00
Mariann Skau E-post
Publisert 19.03.2010 kl 10:19 Oppdatert 19.03.2010 kl 14:16

Tips ein venn på e-post:

...
Rutebussen vart sperra inne. Foto: Thale Halset

– Vegen over Vikafjellet vert ikkje opna att i dag. Me vil gjera ein ny vudering av situasjonen i morgon, med synfaring og vurdering av vêrmelding, seier Eivind Yttri i Statens vegvesen.

Han opplyser at heile fjellovergangen vil bli stengt.

– Me vurderer det slik at det er rasfarleg også andre stader på fjellet enn der det gjekk skred i dag. Til dømes kan det same skje i svingane frå Holo og oppover, seier han.

Han opplyser at dei enno ikkje har kontakta eventuelle personar som oppheld seg på fjellet.

– Dersom det bli opna i morgon, er det jo ikkje så lenge til. Me ikkje til no ikkje gjort noko for å oppsøkja dei som eventuelt er på fjellet, seier han.

Oppdatert vegmelding finn du her.

Ifølgje politiet var 15–20 personar fredag føremiddag innesperra av skred på vegen opp mot Vikafjellet, to til tre kilometer over Storesvingen.

– Me har fått opplyst at fem bilar og ein buss er innesperra mellom to skred, fortalde Asbjørn Røneid, byggeleiar i Statens vegvesen, fredag føremiddag.

Det første skredet gjekk kvart over ni, vert det opplyst frå vegmeldingssentralen. Det gjekk så eitt skred til.

Klokka 11.15 melde politiet at alle var evakuerte.

– Me har fått meldt frå politipatruljen i Vik at alle personane og køyretøya er komne ut av skredområdet, opplyser Arild Stokkereit på politiet sin operasjonssentral.

Ingen personar kom fysisk til skade i skreda, melder vegvesenet.

Ifølgje Asbjørn Røneid i vegvesenet var ikkje skreda store, men to av bilane stod fast i snøen.

– Dei er klemde mot rekkverket og står fast, sa han, og opplyste då at førsteprioritet var å få ut dei som var innesperra.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.