Fylkeskommunen løyver 14 millionar kroner som skal gå til kommunale næringsfond og bidra til at kommunane kan vera aktive støttespelar i den lokale næringsutviklinga.
Det betyr at fylkeskommunen si løyving til kommunale næringsfond har auka med to millionar frå 2009.
– Møta på god måte
Midlane skal vera med på å leggja til rette for fleire næringsetableringar i kommunane.
Frå fylkeskommunen vert det understreka at kommunane må møta etablerarar og bedrifter i kommunen på ein god måte.
– Dei er ofte den første som etableraren møter i det offentlege tiltaksapparatet. Det er difor viktig at kommunane har eit velfungerande næringsapparat som kan vera ein god hjelpar. Kommunale næringsfond skal medverka til eit godt næringsarbeid i kommunane, heiter det i ei pressemelding.
For å få tildelt midlar til kommunale næringsfond, må kommunane oppfylla gjevne krav som er fastsette av fylkeskommunen. Mellom anna er det eit krav at ein har eit næringsapparat for å ivareta arbeidet, og ein strategi for næringsutvikling.
Slik blir midlane fordelte i 2010:
Askvoll: 748.809
Eid: 920.410
Fjaler: 739.596
Førde: 1.292.877
Gaular: 735.596
Gloppen: 911.198
Gulen: 706.841
Hornindal: 642.114
Hyllestad: 658.672
Jølster: 747.725
Leikanger: 699.616
Naustdal: 729.300
Selje: 738.091
Sogndal: 991.821
Solund: 620.438
Stryn: 987.727
Vågsøy: 929.262
Det er kommunane med lågast konsesjonsinntekter som kan få tilskot frå fylkeskommunen til kommunale næringsfond. I 2010 gjev Hovudutval for plan og næring tilskot til at alle kommunar med konsesjonsinntekter under 1 million kroner.
70 prosent av tilskotet vert fordelt som ei grunnløyving, medan 30 prosent vert fordelt etter storleiken på folketalet.
Nye kommentarar