...
Gunn Sande i Selje Sp med postkortet ho sende til Helse Førde-styret. Foto: Privat

– Send postkort til Clara

Oppmodar alle om at delta i høyringa om sjukehusa.

Publisert 19.03.2010 kl 08:36 Oppdatert 19.03.2010 kl 08:36

Tips ein venn på e-post:

...
Postkortet frå Gunn Sande. Foto: Privat

Gunn Sande i Selje Sp oppmodar alle i fylket om å senda eit postkort til til styret i Helse Førde v/Clara Øberg og seia kva dei meiner om planane for lokalsjukehusa i fylket.

– Styret har sendt ut på høyring saka om nedlegging av lokalsjukehusa i Nordfjord og Sogn, og når nokon sender noko ut på høyring, går eg utifrå at dei ynskjer tilbakemelding på det dei har sendt ut, seier ho.

På postkortet vil ho at folk skal skriva om dei er for eller mot nedlegging av Nordfjord og Lærdal sjukehus.

– Med det meiner eg at styret i Helse Førde får tilbakemelding på høyringa si om akkurat denne saka. Om dei tek omsyn til det, det er ei anna sak, men ingen skal i alle fall koma og seia at det ikkje har kome reaksjoner på høyringa, seier Gunn Sande.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.