...
PRIS: Inspektør Øyvind Heggheim tok imot kompetanseprisen på vegner av Tangen skule. T.h. ordførar Arild Ingar Lægreid.

Kompetansepris til skule

Årdal kommune delte ut kompetanseprisen på 25.000 kroner i dag, torsdag.

Publisert 18.03.2010 kl 13:39 Oppdatert 18.03.2010 kl 13:48

Tips ein venn på e-post:


Prisen gjekk til Tangen skule for å ha gjennomført målretta kompetanseheving i 2009.

Kompetanseprisen blir delt ut kvart år og går til den arbeidsplassen som har utmerka seg mest når det gjeld kompetanseheving.

Inspektør Øyvind Heggheim tok imot prisen frå ordførar Arild Ingar Lægreid. Han slo fast at dei på skulen var stolte over å ha fått ein slik pris.

– Eg har jobba på skulen i 30 år. Det er ein god arbeidsplass med eit uhorveleg kjekt kollegium, noko som sjukefråveret på 1,7 prosent syner.

Heggheim sa at skulen stadig hadde krav på seg til kompetanseheving, for å ta vare på særlege behov.

– Me må også vera selektive og stilla krav til dei som skal ut og skaffa seg kompetanse, og syta for at dei deler den med andre når dei kjem att.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.