Randi Førsund får 150.000 kroner frå fylkeskommunen til filmen "Hemnen".
Hovudutval for plan og næring har til saman løyvd 400.000 kroner til filminnspelingar i fylket.
Av desse midlane får Sogn Filmsenter ved Randi Førsund 150.000 kroner til eit forprosjekt som skal medverka til å realisera filmen "Hemnen".
– Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjennom vegleiing og økonomisk støtte vore med på utviklinga til no, og ser det som riktig og viktig å støtta opp om søknaden som eit bidrag til realisering av filmen "Hemnen", heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.
Trass i at det framleis står ein del att av prosjektet, trur Førsund at 150.000 kroner vil vera det som trengst for at innspelinga kan starta i Ytre Sogn til sommaren, melder NRK.
Vikingdramaet "Hemnen" kjem til å kosta 120 millionar kroner.
Produksjonsselskapet Cinemiso vert tildelt 100.000 kroner til filmen ”Varg Veum – Dødens Drabanter”, der delar av innspelinga skal gå føre seg i Sunnfjord. Fylkeskommunen ser det som relevant å støtta opp om denne filminnspelinga, for å bidra til dei ringverknadene ein slik produksjon kan gje regionen vår.
TV–serien ”Reisen til Fjordenes Indre” vert støtta med 150.000 kroner. TV-serien skal syna folk og kultur langs fjorden, god stemning og spektakulære naturbilete, med ekstremsport spissa mot eit breitt publikum. Heile serien med seks episodar skal filmast langs Sognefjorden, og visa kva fjorden har å by på vinter og vår.
Nye kommentarar