På veg til soning i Vik forsynte han seg av bagasjen til medpassasjerane.
Det var ein haustdag i 2009 at austlendingen i 40-åra tok båten frå Bergen til Vik der han skulle starta soning.
Han var svært rusa, og rota i koffertar som ikkje var hans. Han tok tre berbare PC-ar, to toalettvesker, ei sminkeveske og eit Visa-kort. Politiet vart dagen etter kontakta av kapteinen på båten om at ein PC og eit Visa-kort var sakna. Politiet fann fram til mannen i Vik fengsel, og der fann dei gjenstandane som var sakna og resten av tjuvegodset.
Mannen måtte møta i Sogn tingrett, der han sa seg skuldig etter tiltalen.
I utgangspunktet meiner retten mannen burde dømmast til fengselsstraff. Men sidan tiltalte har gjort store endingar i livet sitt, mellom anna søkt seg inn på eit rehabiliteringsopplegg, finn retten at det kan vera uheldig for utviklinga hans å påleggja han soning no.
Tiltalte har sagt at han er motivert for samfunnsstraff, og retten finn det passande å setja denne i samsvar med påstanden frå aktor på 30-timar.
Nye kommentarar