Statkraft satsar 700 milliionar kroner på to nye kraftverk.
Konsernstyret i Statkraft vedtok onsdag kveld å investere om lag 700 millionar kroner i to nye kraftverk i fjellområda mellom Høyanger og Balestrand. Eriksdal og Makkoren kraftverk vil erstatte dei gamle anlegga i området.
– Investeringane gjev meir fornybar kraft, auka forsyningssikkerheit, betre lokale miljøtilhøve og betydeleg verdiskaping lokalt, regionalt og nasjonalt. Det er viktige bidrag for å gje verda reinare energi, seier produksjonsdirektør Tron Engebrethsen i Statkraft.
Eiriksdal og Makkoren kraftverk i Høyanger kommune, får ein produksjon på ca 330 GWh. Utbygginga inneber og ei rekkje miljøforbetringar i området. Mellom anna vert det auka vassføring i Daleelva nedanfor kraftverka, og nokre eldre kraftliner vert erstatta av jordkabel.
Dei nye kraftstasjonane skal byggjast i fjell. Eiriksdal kraftverk er planlagt tilkopla kraftnettet gjennom den nye kraftlinja som er under førebuing mellom Ørskog og Fardal.
Folk i Høyanger og Balestrand har venta lenge på ei avgjersle frå Statkraft i denne saka, som betyr mykje for det lokale næringslivet i høve både arbeidsplassar, vareinnkjøp og lokale investeringar i regionen.
Nye kommentarar