...
MOSKÉLAND: På dette området kjem fylkets første forsamlingshus for muslimar. Foto: Førde kommune

Her kjem fylkets første moské

Sogn og Fjordane får sin første moské. Bygget vil bli kring 2000 kvadratmeter.

Geir Bjarte Hjetland E-post
Publisert 17.03.2010 kl 10:05 Oppdatert 17.03.2010 kl 10:06

Tips ein venn på e-post:


Etter mykje fram og attende, har muslimane i Sogn og Fjordane no fått klarsignal for å byggje eit gudshus på Hafstad i Førde. Moskéen blir senter for alle muslimane i fylket, og kjem etter ni år med mykje hindringar og motstand, ikkje minst i Sunnfjord.

I eit brev til Fylkesmannen skriv forstandar i Førde Islamske Senter, Hoje M. Ibrahim Zarghoon, at løyvet dei no har fått frå Førde kommune er noko alle muslimar er takksame for. No ønskjer trussamfunnet å få rådgjeving frå Fylkesmannen i prosessen med byggjing av det store samlingssenteret, som vil liggje mellom E39 og sentralsjukehuset.

I eit brev frå Førde kommune seier rådmann Ole John Østenstad, at dei vil hjelpe muslimane i arbeidet med å erverve byggjetomta frå grunneigar Jan Ove Hafstad.

Gudshuset til muslimane i Sogn og Fjordane vil få namnet "Ibrahim Khalil", oppkalla etter ein kjend mann frå Koranen.

Mest lese nett no



Mest populære biletseriar





Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.