...
SA NEI: Politikarane i Aurland vil ikkje gje dispensasjon til Aurland Ressursutvikling for å føra opp dette bygget på den gamle annekstomta i Flåm.

Sa nei til «funkisanneks›

Hovudutvalet for plan og utvikling i Aurland set foten ned for Aurland Ressursutvikling sine byggjeplanar i Flåm.

Publisert 15.03.2010 kl 18:06 Oppdatert 15.03.2010 kl 18:06

Tips ein venn på e-post:


Då det gamle hotellannekset vart jevna med jorda, var det ein klar førestnad at bygget skulle reisast i same stil som før. I ettertid har Aurland Resursutvikling lansert eit nytt alternativ i funkisstil. Dette har skapt stort engasjement i turistbygda og mellom anna enda opp i ein underskriftsaksjon. No har motstandarane vunne første kampen. Måndag vedtok hovudutvalet for plan og utvikling at det ikkje blir gitt dispensasjon til å føra opp det planlagde bygget på tomta. Utvalet krev at Aurland Ressursutvikling arbeider ut ein reguleringsplan for området der ein skisserer bruken av arealet, også med tanke på parkering. Når det er gjort kan Aurland Ressursutvikling koma med ein ny søknad, men signala i utvalet var sterke på at ein ikkje likte fasaden på det «nye annekset».


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.