...
TILFLYTTINGSDAG: Det er planar om ein tilflyttingsdag i Jostedalen i mai eller juni. Her frå eit liknande arrangement i fjor, der Marit Aakre Tennø (t.v.) viste dei potensielle tilflyttarane Knut Åge Teigen og Ragnhild Ås ledige tomter på Gjerde. (Arkivfoto)

Tilflyttingsprosjektet held fram

50.000 kroner i tilskot frå næringsfondet gjer at tilflyttingsprosjektet i Jostedalen kan drivast eit stykkje vidare.

Kjell Eldegard E-post
Publisert 15.03.2010 kl 15:38 Oppdatert 15.03.2010 kl 15:38

Tips ein venn på e-post:


Rundt årsskiftet 2008/2009 starta Jostedal bygdelag opp tilflyttingsprosjektet sitt, eit prosjekt retta mot folk som kunne tenkja seg å slå seg ned i bygda. Fram til no har prosjektet gjeve som resultat at det har flytta 13 personar til Jostedalen, og som ei følgje av dette har skulen i byga fått tre nye elevar.

Vil halda fram

Fram til årsskiftet hadde tilflyttingsprosjektet kosta om lag 260.000 kroner, pengar som bygdelaget har fått frå Luster kommune, landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen, fylkeskommunen, Luster sparebank og bruk av bygdelaget sine eigne midlar.

Å halda prosjektet økonomisk på fote ut inneverande år, vil kosta om lag 160.000 kroner, og bygdelaget vonar at dei saman med kommunen, Fylkesmannen og ein sponsor skal få tak i desse midlane.

Sjølv vil bygdelaget setja av 50.000 kroner, og torsdag vedtok formannskapet å gje tilflyttingsprosjektet ein tilsvarande sum frå næringsfondet.

Signalhus

Løyvingsvedtaket i formannskapet var samrøystes. Men politikarane gav signal om at dei gjerne ser at det blir markert i marknadsføringa av prosjektet at Jostedalen er ein del av Luster kommune.

For og lukkast med tilflytting, må det også finnast bustader som tilflyttarane kan bu i. Dette er ein flaskehals i Jostedalen. Det er difor teke kontakt med ein arkitekt for å utvikla ein spesiell type hus for folk med aktiv livsstil, og som ønskjer å bu lite, billeg og miljøvenleg midt i naturen.

Signalhus blir dette huset omtala som, og tilflyttingsprosjektet vonar at denne hustypen skal stimulera til nybygging av hus i Jostedalen. Og samstundes gje bygda blest som eit friluftsmekka ein kan bu i.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.