Etter ein kald vinter følgjer ofte ein kald vår.
I folketrua finn me «reglar» som seier at vêret på ein bestemt dag eller periode skal seia oss korleis vêret i dei komande sesongane blir.
No har klimatologane på Meteorologisk institutt talt opp år der ein varm vinter har blitt følgt av ein varm sommar, ein varm vinter har blitt følgt av ein kald sommar og så bortetter for perioden 1900 fram til i dag.
Dei har mellom anna sett at kalde vintrar noko oftare vert følgd av en kald vår. Og ifølgje sesongvarselet for mars til mai i år går me ein kald vår i møte. Med unntak av fjellområda i Sør-Norge og Finnmarkskysten viser sesongvarselet for dei tre vårmånadene at temperaturen skal liggja under normalen i hele Noreg.
Klimatologane har også sjekka om temperaturen om våren kan ha noko å seia for korleis sommaren blir. Svaret på dette spørsmålet viste seg å vera «neppe». Utslaga her er så små at dei truleg skuldast tilfeldige variasjonar når det gjeld sommarsesongen.
Det syner seg også at varme vintrar ofte blir følgt av ein varm vår eller sommar.
– Men ikkje la deg lura! Dette skuldast mest sannsynleg at me har opplevd ein klar oppvarming i perioden, og ikkje at varme vintrar i seg sjølv gir varme somrar, vert det opplyst i ei pressemelding.
Har du fanga eit vårteikn gjennom kameralinsa? Send biletet med litt info om motivet og namn og adresse på fotografen til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord SOgn til 1982 – og ver med i trekninga av eit Sogn Avis-krus.
Nye kommentarar