Juryen for Sogndal filmfestival måtte gjennom heile 40 filmar torsdag kveld før dei kunne kåra vinnarane av kortfilmkonkurransen under Sogndal filmfestival.
| Publisert 12.03.2010 kl 14:30 Oppdatert 12.03.2010 kl 14:30 |
– Eg er imponert over det høge nivået, seier NRK-fotograf/producer Stein Magne Os, som er juryleiar for kortfilmkonkurransen under Sogndal filmfestival.
Kven som blir kåra til vinnarar av dei 40 bidraga til festivalen, får ein først vita i Sogndal kulturhus tysdag når Sogndal filmfestival vert arrangert. Her er det filmar i kategoriane animasjon, fiksjon, dokumentar/reportasje og informajon.
Gysarar og OL
Tidlegare på dagen vert det arrangert fagdag i samband med festivalen. Til denne har dei fått tre toppar innan norsk film, reklame og TV-produksjon, vert det opplyst i ei pressemelding.
Filmregissør Pål Øie stiller med temaet "Frå Villmark på Kaupanger til Skjult i Hollywood”. Øie fortel om og viser klipp både frå innspelinga av gysaren Villmark i Kaupangerskogane og USA-aktuelle Skjult.
Filmregissør i Trøbbelfilm Ubbe Haavind vil fortelja kva som er løydomen bak reklamefilmsuksessen til Lerum. Haavind er regissør for Lerum-filmane om saftbygda Sogndal. Haavind har jobba med reklamefilm sidan 1994 og har vunne ei rekkje internasjonale prisar.
NRK-fotograf Torje Bjellaas er nyss heimkomen frå OL i Vancouver og tek opplevingar derifrå med i foredraget sitt. Bjellaas vil også fortelja kva som er dei viktige grepa når ein skal arbeida som fotograf i bratt heng, gjerne med ski på beina.
Medielinja
Arrangør av Sogndal filmfestival er 3. klasse på medielinja på Sogndal vidaregåande skule. Målgruppa for filmfestivalen er alle filminteresserte, medieelevar frå Sogn og Fjordane og skulemiljøet i Sogndal.
Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete
Nye kommentarar