Dei siste tre åra har ambulansehelikopteret i Førde måtta seia nei til 382 oppdrag.
Statistikk frå Norsk Luftambulanse viser at helikopteret i Førde ikkje kunne brukast i 98 av 923 henvendingar frå AMK i 2009. I 2008 var talet 151, i 2007 133. Variasjonane skuldast, ifølgje Norsk Luftambulanse, ulike vêrtilhøve år for år.
Med Helse Førde sine planar for lokalsjukehusa i fylket, ser kommunelege Frode Hestdal i Måløy mørkt på situasjonen.
– Akuttilbodet vil jo verta rasert, så for oss er det jo ein tragedie, seier han til NRK.
Hestdal opplyser at det særleg for slag- og infarktpasienter kan vera avgjerande å få behandling så raskt som råd. Då kan det få alvorlege følgjer om helikopteret står på bakken og det er lang veg til nærmaste sjukehus.
Pilot i Norsk Luftambulanse Bent Næss fortel til NRK at når dei ikkje kan letta, prøver dei å ta i bruk andre helikopter.
– Dette kan vera luftambulansane i Ålesund, Bergen eller Ål, eventuelt vår eigen luftambulanse-bil når det er mogleg.
At helikopteret står på bakken, skuldast i hovudsak dårleg vêr, men i ein del av tilfella er grunnen at heilikopteret er ute på andre oppdrag. I nokre få tilfelle er det tekniske tilhøve på helikopteret som er årsaka.
Nye kommentarar