Legar får taleattkjenning som "forstår" nynorsk.
– Helseføretaka har sjølv konkludert med at sjukehusa har plikt på seg til å tilby taleattkjenning på nynorsk. Dette er det me har meint heile vegen, og konklusjonen er svært gledeleg for nynorsken, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.
Helseføretaka har innført taleattkjenning for legane på sjukehusa. Det vil seia at datamaskina kan skriva ned det som legane dikterer ho skal skriva.
Til no har denne taleattkjenninga berre "forstått" bokmål, og teksten har også blitt skriven på bokmål. Dette har skapt mykje frustrasjon og mellom andre Medisinsk Mållag har påpeika at programmet må koma på nynorsk. Og no er det altså klart at programmet skal utviklast på nynorsk.
– Dette er ny teknologisk utvikling som det er viktig at nynorsken er ein del av. Og for oss er det ein siger at det vert gjort så klårt at sjukehusa har ei plikt på seg til å tilby taleattkjenning på nynorsk, seier Håvard B. Øvregård.
Han vil likevel gjera det klart at helseføretaka burde sett i gang utviklinga av nynorskprogrammet samstundes med bokmålsversjonen.
– Eg vil tru det hadde blitt mykje rimelegare og raskare for helseføretaka, seier han.
Nye kommentarar