Vegen opna att

Vegen mellom Tyin og Årdal er opna att etter at han har vore stengt grunna snøskred.

Mariann Skau E-post
Publisert 12.03.2010 kl 07:55 Oppdatert 12.03.2010 kl 09:14

Tips ein venn på e-post:


Skredet gjekk ved Gamle Varden på rv 53 kring to kilometer etter Tyinstølen i retning Årdal.

Frå vegtrafikksentralen vart det meldt at vegen var venta opna i ti-tida, men alt klokka ti på ni kunne vegen opnast att.

– Det gjekk raskare enn rekna med, seier Ketil Molvær ved vegtrafikksentralen.

Vegvesenet fekk melding om skredet klokka 23.13 torsdag kveld.

– Vêret der oppe er kaldare og meir stabilt i dag, opplyser Molvær.

Raset var 35–40 meter breitt og 2–2,5 meter høgt i innerkant.

Det vert også meldt om glatte vegar i morgontimane.

– Me har ikkje fått så mange klager på glatte vegar her i Indre Sogn, men det kan bety at det er godt strødd, seier Molvær.

Oppdatert vegmelding finn du her.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.