Knut O. Aarethun, leiar i Lærdal Ap, godtek ikkje resultatet av avrøystinga på medlemsmøtet som med ni mot åtte røyster vende tommelen ned for kunstsenteret.
Det var i røynda fleirtal for kunstsenter i salen. I tillegg var det ein som røysta som på det tidspunktet ikkje var medlem av partiet. Dette er i strid med vedtektene våre, og på bakgrunn av dette har eg funne det rett å annullera voteringa. Så får heller styret vurdera om det er rett å kalla inn til nytt medlemsmøte, seier Aarethun.
Røysta feil
Partileiaren seier det var ein person som røysta feil då det oppstod spørsmål om det skulle vera skriftleg avrøysting eller ikkje.
– Vedkomande trudde eg la opp til røysting over om me skulle ha skriftleg avrøysting eller ikkje. Dette røysta han nei til sidan han ikkje ville ha skriftleg avrøysting. I realiteten sa han nei til kunstsenteret, noko han ville ha røysta ja til. Eg fekk melding om dette så seint at det ikkje var høve til å ta ei ny votering.
Nye kommentarar