...
UTFORDRINGAR: Nærbutikken i Fresvik blir ikkje lagt ned, men det kviler eit framtidig ansvar på bygdefolket, på biletet Reidun Lindborg og Ottar Bøtun. (Arkivfoto)

Butikken overlever

Reidun Lindborg, Ottar Bøtun og resten av fresvikjene kan pusta lett ut. Coop Vest legg ikkje ned butikken.

Gunnar Kleven E-post
Publisert 11.03.2010 kl 14:42 Oppdatert 11.03.2010 kl 14:43

Tips ein venn på e-post:


– Me legg ikkje ned butikken. Likevel er det behov for å sjå nærare på kva me kan gjera for framtida. Ei nedlegging ville gjeve store konsekvensar, seier Geir Espe, adm.dir. i Coop Vest.

I tillegg til ordinær butikkdrift, handterer Coop nærkjøp i Fresvik også sal av drivstoff og medisinar.

– Me vil i dialog med Vik kommune og vil gå ein runde og sjå kva me kan gjera i lag med tanke på å få til ei forbetring av resultatet, som ikkje er godt nok slik situasjonen er i dag, seier Espe.

Han trekkjer også inn hjørnesteinsbedrifta Fresvik produkt.

– Med tanke på rekruttering til fabrikken, må ein kunne forventa å få kjøpa brød og mjølk i bygda. Coop Vest føler difor eit samfunnsansvar, seier Geir Espe.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.