...
Frå eit kurs i tverrfagleg akuttmedisinsk samarbeid vinteren 2010. Foto: Norsk Luftambulanse

Betre omsorg for pårørande

Helsepersonell i Sogn og Fjordane får tilbod om kurs.

Publisert 11.03.2010 kl 14:19 Oppdatert 11.03.2010 kl 18:21

Tips ein venn på e-post:


Psykolog Atle Dyregrov er fagleg ansvarleg for kurset, som tek føre seg omsorg for pårørande. Kurset er betalt og organisert av Norsk Luftambulanse.

Ettertrakta

Kurset har alt vore arrangert fleire stader på Vestlandet, og har vore svært ettertrakta.

– Norsk Luftambulanse blir mest assosiert med akutt behandling, helikopter og undervisning. Dette kan synest litt på sida av det folk set oss i samanheng med, men samstundes er omsorg for pårørande ein naturleg del av jobben til innsatspersonell jobb, seier Steinar Sellevold, regionsjef i Norsk Luftambulanse, region vest.

Politi og brann

Norsk Luftambulanse er også aktiv i annan type opplæring i fylket. Nærmare 200 personar frå politi, brannvesen og ambulanseteneste har vore på kurs for å spissa kunnskapen sin i alt frå redningsarbeid, behandling av akutte skader og sjukdom til trening og førebuing til store ulukker og katastrofar.

– Dette er meir typiske aktivitetar i Norsk Luftambulanse. Men me meiner at kunnskap og evne til å visa omsorg og forståing i vanskelege mellommenneskelege situasjonar også er kunnskapar som helsepersonell treng, seier Sellevold.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.