Kommunal- og regionaldepartementet har lyst ut 32 millionar kroner til satsing på bulyst, attraktivitet, stadutvikling og kultur.
Fylkeskommunen skal samordna søknadene frå Sogn og Fjordane og inviterer no til å koma med innspel til gode prosjekt som kan koma inn under bulyst-satsinga.
Malakoff
– Det er mange ulike faktorar som gjer at folk får lyst til å bu ein plass. Bulyst-prosjekta kan mellom anna ha søkjelys på kulturbasert stad- og næringsutvikling, stadutvikling, inkludering av innflyttarar, omdømearbeid, tilrettelegging for meir varierte arbeidsplassar på mindre stader, varierte bustadtilbod og nye løysingar for tenestefunksjonar. Opplistinga er ikkje uttømmande, og det er søkjarane som definerer kva dei legg i omgrepet «bulyst», skriv næringsavdelinga hjå fylkeskommunen i ei pressemelding.
Malakoff Rockfestival vert trekt fram som eit godt døme på prosjekt som har jobba systematisk for å skapa bulyst blant ungdom. Å finna måtar som gjev ungdom lyst til å busetja seg i distrikta har vore eit viktig mål for prosjektet "Bulyst for ungdom – Malakoff Rockfestival".
Bustader for ungdom
Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskjer å sjå satsinga på «bulyst» i samanheng med mellom anna oppfølging av framlegga frå Tenketanken.
– Tenketanken skulle sjå på nye og alternative utviklingsstrategiar i fylket. Som oppfølging av Tenketanken er tilrettelegging av attraktive og rimelege bustader for unge og tilflyttarar eit satsingsområde for fylkeskommunen. Denne satsinga er i stor grad samanfallande med målsetjinga til "bulyst". Det vil difor bli lagt vekt på tiltak som fell innanfor denne tenketanksatsinga.
Alle offentlege og private aktørar og verksemder med konkrete prosjekt som kan bidra til bulyst, kan søkja. Dette kan til dømes vera fylkeskommunar, kommunar, organisasjonar og eldsjeler. Heile Sogn og Fjordane er her definert som distriktsområde og kjem inn under ordninga.
Frist for å senda inn søknad til fylkeskommunen er 12. april.
Nye kommentarar