...
TAPPA FOR KREFTER: - Det nye systemet skaper så mykje frustrasjon at det rett og slett går ut over nattesøvnen, seier Leif Bolstad. Foto: Eirik Thue

Kreftsjuk slaktar nytt system

Leif Bolstad slit med ein alvorleg sjukdom. Tida han burde ha brukt på å samla krefter, har gått med til å fylla ut skjema, klaga på vedtak og sitja i telefonar med sakshandsamarar.

Eirik Thue E-post
Publisert 11.03.2010 kl 10:12 Oppdatert 11.03.2010 kl 10:12

Tips ein venn på e-post:

Pasientreiser

  • Sogn Avis har i ei rekkje reportasjar skrive om korleis det nye systemet for å få att utgifter når du har vore hos lege eller på sjukehus, skapar frustrasjon hjå mange pasientar og eldre.
  • Medan ein tidlegare kunne få hjelp på sitt lokale Nav-kontor, må ein no fylla ut eit skjema og senda det til eit sentralkontor lokalisert i Skien. Dei sender så vidare sakene til ulike pasientreisekontor rundt om i landet, som så skal fatta vedtak på at du skal få att det du har lagt ut.
  • Dette har ført til mykje lenger sakshandsamingstid og store vanskar med å få korrekt informasjon.

– Galskap sett i system. Slik karakteriserer Leif Bolstad det nye systemet for å få attende reiseutgifter ved pasientreiser.

Enorm påkjenning

67-åringen i Lånefjorden har reiser til behandling ein gong i veka i samband med kreftsjukdomen. Sjukdomen tek på, men det gjer også papirmølla han må gjennom for å få att pengar han har krav på etter reisene sine.

– Det er ei enorm påkjenning å hamna i dette systemet. Eg føler at me blir mistenkjeleggjorde heile vegen. Det kjem på toppen av at du lir av ein alvorleg sjukdom. Eg hadde ikkje i min villaste fantasi trudd at eg skulle oppleva noko slikt, seier Leif Bolstad.

Bolstad fortel om ein veldig kamp for å få tilbake dei faktiske utgiftene han har lagt ut.

– Etter jul har eg sendt inn seks rekningar, som eg ikkje har fått noko svar på. Eg har uteståande opp mot 15.000 kroner, men veit ikkje når eg får desse pengane, eller om eg får alt eg har krav på, seier han.

Kaos

Det har også vore ein stri tørn med å få sakshandsamarar til å forstå skilnaden på sommar- og vinterrutene til Fjord 1, og kor mange timar det er i eitt døgn. På toppen av dette blir det utbetalt ulike beløp for same reiseruta.

– Prøver du å nysta opp i dette, er det for det første vanskeleg å koma gjennom på telefon. Kjem du gjennom, får du sjeldan svar på det du spør om. I svarbreva står det ikkje kven som er sakshandsamar, og det gjer sjølvsagt dette endå meir kaotisk, seier Bolstad, som også peikar på at reiseskjema som ein må nytta ikkje held mål.

– Skjemaet er fullstendig ubrukeleg. Blant anna er det ikkje lagt til rette for å fylla inn at ein har følgje på reiser.

Han meiner systemet ikkje fungerer i det heile, og krev at politikarane tek tak.

– Galskapen kan ikkje halda fram. Det er så tungvint og så mykje rot at folk gir opp, og dermed går glipp av det dei har krav på. Politikarane må gripa inn og setja ein stoggar for makkverket, meiner Bolstad, som vonar lokale hender igjen får ansvaret for dette området.

Ny organisering

Konstituert leiar for pasientreiser i Helse Førde, Kirstin Vik, beklagar at Leif Bolstad har opplevd så mykje trøbbel i møte med dei.

– Me er inne i ein situasjon med ein ny organisasjon og store problem med det nasjonale systemet. Dette er inga unnskyldning, men ein freistnad på å forklara kvifor me har hatt ein vanskeleg oppstart, seier Kirstin Vik.

– Trur du at rotet fører til at folk ikkje sender inn krav på det dei har rett på?

– Eg trur ikkje det. Eg håpar folk gir oss beskjed om noko er feil. Me vil ha ein konstruktiv dialog, seier Vik.

Mest lese nett no



Mest populære biletseriar





Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.