Trekkjer seg ikkje likevel

Harry Mowatt har slutta fred med Helse Vest.

Mariann Skau E-post
Publisert 10.03.2010 kl 23:30 Oppdatert 10.03.2010 kl 23:30

Tips ein venn på e-post:

...
Harry Mowatt. (Arkivfoto)

Etter å ha vorte sterkt oppmoda av styreleiaren i Helse Førde om å halda fram i Helse Førde-styret, tok Mowatt kontakt med styreleiaren i Helse Vest, Oddvard Nilsen, onsdag, melder Firda.

– Eg tolkar statsrådens utsegner under besøket i Førde som eit signal om at ein skal ha respekt for lokale avgjerder, og eg trur den same haldninga no pregar Helse Vest, seier Mowatt.

Han angrar ikkje på at han forlét styret i protest.

– Eg har også fått mange oppmodingar frå ulike kantar om å halde fram, seier Mowatt.

Styreleiar Oddvard Nilsen stadfester at Mowatt har sagt seg villig til å gå tilbake til styrearbeidet.

Etter at Mowatt trekte seg har Knut Arne Klingenberg frå Årdal og Fjaler-ordførar Arve Helle vorte lanserte som kandidatar til styret i Helse Førde.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.