Pause for The Generous Days.
– Me tek pause på ubestemt tid, men det betyr vel kanskje slutt for godt, seier vokalist Erik Grov til NRK.
The Generous Days har mellom anna spelt på Beatles-klubben The Cavern i Liverpool og på Norwegian Wood. Gruppa vart kåra til årets artist i NRK Sogn og Fjordane i 2008.
Før jul kom gruppa med debutalbumet "These are the Generous days".
Grov forklarer brotet slik:
– Det er vel berre det at me er litt ferdige med dette kapittelet. Det er ikkje like moro som før.
Nye kommentarar