...
KADER TILBAKE: Barry Kader trente med Sogndal på La Manga onsdag, og vert truleg klar for klubben innan kort tid.

Barry Kader tilbake i Sogndal

Ivorianaren blir truleg klar for klubben innan kort tid.

Endre Romøren E-post
Publisert 10.03.2010 kl 19:25 Oppdatert 10.03.2010 kl 19:25

Tips ein venn på e-post:


Barry Kader trente med Sogndal på La Manga i dag, og signerer etter planen kontrakt med klubben han stakk av frå i mai i fjor.

– Me ønskjer å ha Barry med i stallen. Det som skjedde i fjor var ikkje heldig, men spelargruppa har diskutert saken, og har ingen problem med at han no kjem tilbake, seier hovudtrenar Harald Aabrekk til Sogn Avis.

– Me har altfor få spelarar generellt sett, og manglar i tillegg alternativ på venstrekanten. Barry er ein god spelar som kan spela i fleire posisjonar, og vil bli ein viktig del av stallen vår, legg trenaren til.

Stakk av

Kader stakk på tjuvperm til Frankrike i mai i fjor, og har ikkje spelt for Sogndal sidan. Han dukka opp igjen i Sogndal i september, men partane vart einige om å skilja lag.

Sidan dette har Kader etter det Sogn Avis kjenner til prøvd seg for nokre franske klubbar, før han den siste tida har oppholdt seg i Afrika.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.