Sygna vidaregåande skule har fleire søkjarar i år enn i fjor.
– Me har hatt ein liten oppgang i talet på søkjarar, og det er me sjølvsagt glade for, seier rektor Roar Eriksen
Same nivå
Så langt har dei fått inn 265 søknader. Yrkesfaga, med linjene helse og sosial og barne og ungdom, er meir eller mindre fulle. Søkjartala til studie-spesialisering er også oppløftande.
– Søkjartala til idrett er på same nivå som i fjor, fortel Eriksen.
Han fortel at skulen, som dette skuleåret har 166 elevar, opnar opp for å ta inn elevar utover våren, dersom det er ledige plassar på nokon av linjene.
Nye kommentarar