...
NY PRODUSENT: Franske St. Jeans Industries er i forhandlingar om å kjøpa patentrettane til hybridfelgen, og starta vidareutvikling og produksjon av felgen i Høyanger. Foto: Arkiv

Det blir franske felgar

Den franske bildelprodusenten St. Jeans Industries vil leiga dei tidlegare fundolokala i Høyanger, og planen er at produksjon av hybridfelgen skal starta opp i 2011.

Kjell Eldegard E-post
Publisert 10.03.2010 kl 18:12 Oppdatert 11.03.2010 kl 08:17

Tips ein venn på e-post:


– Me ser føre oss ei løysing på produksjon av hybridfelgen i Høyanger no. Alt er ikkje på plass enno. Det som står att er at Innovasjon Norge og St. Jean Industries, det franske selskapet som ønskjer å vidareutvikla og starta produksjon av hybridfelgen, blir samde om vilkåra for overtaking av patentrettane på denne felgtypen, seier ordførar Kjartan Longva i Høyanger.

Eigedomsovertaking

Innovasjon Norge eig både patentrettane til hybridfelgen og industribygget der Fundo Weels heldt til i Høyanger. Hjetland Industripark as, som er eit selskap Høyanger kommune er eigar av, har ein avtale med Innovasjon Norge om å kjøpa Fundobygget, føresett at avtalen mellom Innovasjon Norge og St. jean Industries kjem på plass.

– Går det i orden, kjem Hjetland Industripark til å kjøpa bygget og så leiga det ut til det franske selskapet, seier Kjartan Longva.

– Kan du seia noko meir om når ei avklåring og ein avtale mellom Innovasjon Norge og det franske selskapet vil vera på plass?

– Ikkje noko meir enn korleis status er per i dag. St. Jean Industries vil vera med på informasjonsmøtet som skal haldast i Høyanger i kveld, onsdag. Og vonleg kan dei der fortelja høyangerfolket noko meir om planane sine i Høyanger, sa Longva midt på dagen onsdag.

På dette møtet stadfesta St. Jean Industries sin kontaktperson i Høyanger, Einar Aasen, at dei tek sikte på å starta felgproduksjon i 2011. Aasen, som tildegare var utviklingsdirektør hjå Fundo, fortalde til firda.no at bedrifta i 2011 vil ha14 tilsette, som skal produsera om lag 30.000 felgar. I 2015 meiner Aasen at tal tilsette har auka til 150, og at det blir produsert om lag 500.000 felgar i Høyanger det året.

Omstillingsmidlar

Hjetland Industripark as vart etablert i 2004. Dagleg leiar i selskapet, næringssjef Petter Sortland, fortel at selskapet mellom anna er deleigar i Leira Næringspark i Høyanger.

Hjetland Industripark hadde ved årsskiftet 2008/2009 ein eigenkapital på 2,3 millionar kroner. I samband med at selskapet ønskjer å kjøpa Fundobygget, har Innovasjon Norge kravd at selskapet styrkjer eigenkapitalen sin med sju millionar kroner.

Pengar til å styrkja eigenkapitalen får eigaren av Hjetland Industripark, Høyanger kommune, no stilt til rådvelde gjennom dei ekstraordinære omstillingsmidlane som staten har løyvd til Høyanger kommune.

Desse omstillingsmidlane, total 30 millionar kroner, blir forvalta av fylkeskommunen, og fylkesrådmannen sende 5. mars brev til Høyanger kommune om at det vil bli gjort ei delutbetaling frå omstillingsmidlane på sju millionar kroner.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.