...
LEIAR: Leiar i nyskipa Indre Sogn Unge Høgre ser fram til å byggja opp eit aktivt lokallag som skal delta i samfunnsdebatten i Indre Sogn

Leiar nystarta ungdomsparti

Gaupnejente ved roret på nyskipa Indre Sogn Unge Høgre.

Publisert 10.03.2010 kl 17:46 Oppdatert 10.03.2010 kl 17:46

Tips ein venn på e-post:


Tysdag 9. mars vart Indre Sogn Unge Høgre stifta på Lægreid Hotel i Sogndal.

– Dei viktigaste oppgåvene framover blir å driva opplæring og medlemsverving, seier den nyvalde leiaren, Stine Sandvik (17).

– Eg er glad for at me har fått lokallaget opp og gå, og eg ser fram til å byggja opp eit aktivt lokallag som skal delta i samfunnsdebatten i Indre Sogn, seier Sandvik.

Med seg i styret har ho nestleiar, Vilde Tøfte Øvstetun (16) frå Kaupanger. Styremedlem er Cathrine Brendstuen (18), Gaupne, Hanne Nævdal (13), Gaupne og Elisabeth Veum (17), Indre Hafslo. Sandvik sjølv er også frå Gaupne.

Til helga deltek to av medlemmane på fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Høgre i Flåm. Alt om to veker skal fleire av medlemane delta på konferanse på Austlandet saman med andre Unge Høgre-medlemmar frå heile landet.

Sandvik lovar at Unge Høgre skal vera med å løfta Høgre enda meir, og sørgja for at ungdom blir kjend med politikken. Ho viser blant anna til at Høgre gjorde eit godt val i fjor haust med å få Lødemel på Stortinget, og at 1. vara no er avtroppande Unge Høgre-leiar Jacob Nødseth.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.