Statens vegvesen ber alle trafikantar vera ekstra på vakt når dei ferdast ute på vegane.
Det er varsla mildvêr og regn det neste døgeret, og skredfaren er difor stor på vegnettet på heile Vestlandet.
Det har vore ein spesiell vinter i år, med mykje snø og kulde. Mange stader er det store mengder is, både i skjeringar og i fjellsider. Når temperaturen stig og det kjem nedbør i form av regn, er risikoen for lokalt nedfall av stein, snø og is svært stor, heiter det i ei pressemelding frå vegvesenet.
Statens vegvesen har sett i verk forsterka overvaking og kartlegging av vegnettet. Dette blir gjort ved hjelp av personar med lokalkunnskap. Vegar kan, ifølgje vegvesenet, bli stengde på kort varsel det neste døgeret.
Oppdatert vegmelding finn du her.
Nye kommentarar