Husprisane i Sogndal og Leikanger held fram med å stiga.
For nokre dagar sidan vart ein einebustad i Kyrkjebakken i Sogndal selt for nær 4,6 millionar kroner.
– Me og seljar er kjempenøgde med dette, sidan det tok berre ei veke å selje eit så dyrt hus, seier eigedomsmeklar i NOTAR Sogndal, Marit Norheim, til Sogn Avis.
Sentrumsnært
Ho meiner prisen uansett kan forsvarast sidan tomta er på 1,4 mål, at det ligg svært nær sentrum og at det er gode leigeinntekter i kjellaren.
Det har lenge vore teikn til stor spurnad etter husvære, noko Norheim stadfestar.
Leikanger
– Særleg stor etterspurnad er det i Sogndal sentrum og på Leikanger. Dette gjer at prisane blir bra. I og etter finanskrisa steig ikkje bustadprisane mykje i dette området, men dei gjekk heller ikkje ned, påpeikar Marit Norheim.
Nye kommentarar