Med dagslyset blei det synleg kva skade den enorme steinen hadde gjort. Ove Wathne viser Sogn Avis korleis steinblokka har teke vegen mellom hans eige hus og mora si hus på Kløvi i Leikanger.
Etter at steinen har kome ut av skogen, har han hatt to kraftige nedslag på villaeigedomen.
Eitt mellom uthuset og mora, Oddny Wathne sitt hus. Eit anna på platået under husa, der vart også vassforsyninga slegen ut. Endeleg har gang- og sykkelvegen teke ein siste støyt, innan kjempa har lagt seg i ro på gulestripa.
Ove Wathne viser korleis den første landinga, midt mellom mora sitt hus og det vesle uthuset, har utløyst ein kraftig verknad i bakken. Ein mur er skubba ut av stilling, muren har i neste omgang råka grunnmuren under uthuset og store sprekker er slegne i murveggen.
Ove Wathne trudde det var sjølve berget som var på veg. Han konstaterte snøgt at det som kom ned hadde etterlete huset hans uskadd. Men i neste augneblinken tenkte han på mor si og måtte spørja seg: Står huset hennar?
Han kom ut i kvelden, like før klokka 20, og såg at også mora sitt hus var uskadd. Då vart ei tung bør løfta av skuldrane hans. Straks etter var han ned til den enorme steinen.
Han har vanskar med å skildra kva kjensler som drog gjennom han der og då. Andre naboar kom til, dei blei ståande ganske mållause ei stund, sjokkerte over tanken på kva som kunne ha råka dei, om den tunge steinen hadde oppført seg annleis på ferda si.
Trafikken forbi staden går normalt no på formiddagen. Det er til stor hjelp for trafikkavviklinga at steinen parkerte tvers for busslomma på staden.
– Me vøler vassforsyninga, vatnet kjem att i løpet av formiddagen, seier Per Holen i Leikanger kommune.
Politiet gav i går grønt lys for at bebuarane kunne bli i husa sine, dette vart gjort på grunnlag av geologen si briefing. Han var oppe på slepp-punktet tysdags kvelden, han konstaterte at det var berre denne eine steinen, grunnen elles er stabil.
Nye kommentarar