To familiar på Kløvi i Leikanger slapp med skrekken, og ingen bilar vart råka, då ei kjempestor steinblokk rulla mellom husa deira klokka 19.50 tysdag kveld.
Steinblokka vart liggjande på gulestripa mot ei busslomme på riksveg 55. På vegen gjennom villahagen slo den tunge steinen ut vassforsyninga i nabolaget. Det eine huset fekk også avrive straumkoplinga og vart mørklagt.
Folk på Kløvi forlet folk husa sine og samla seg i trygg avstand frå den massive steinen. Kommunen sine folk og Mesta kom snøgt til. Vegen vart avstengt og det kommunale vassnettet sikra.
Ved 21-tida var det venta at ein geolog skulle infinna seg på staden. Der er romsleg passasje i vegbana, grunna nærleiken til busslomma. Litt før klokka 21 var vegen mellom Leikanger og Sogndal stengt på staden.
– Me har visst om denne steinen, seier folk i nabolaget til Sogn Avis.
Nye kommentarar