...
UTFORDRA: Kommnalminister Liv Signe Navarsete blir utfordra av målungdommen. (Arkivfoto)

Utfordra av målungdomen

På språkopplæring for innvandrarar.

Publisert 04.03.2010 kl 20:21 Oppdatert 04.03.2010 kl 20:21

Tips ein venn på e-post:


Norsk Målungdom reagerer på at mange innvandrarforeldre lærer eit anna språk enn barna deira når dei kjem til Noreg. Fleire nynorskkommunar gjev ikkje språkopplæring på nynorsk, og det fører til problem seinare.

– Det mest påfallande problemet oppstår der innvandrarar har fått opplæring i bokmål, og skal ha barn i skulen i nynorskområde. Desse får problem med å hjelpa ungane med skulearbeid, seier leiar i Norsk Målungdom, Maria Svendsen. Ho fryktar at mange born vert flytta over i bokmålsklassar, og at dette skapar eit uheldig skilje mellom kven som lærer nynorsk og kven som lærer bokmål på skulen.

– På sikt er dette svært uheldig, og det hindrar god integrering om innvandrarane vert utestengde frå nynorsken, seier Svendsen.

Liv Signe Navarsete melder at Kommunal- og regionaldepartementet no set fokus på innvandrarar i distriktspolitikken. Norsk Målungdom vonar nynorskopplæring for innvandrar i aktuelle område vert ein viktig del av denne satsinga.

I eit ope brev til departementet utfordrar Norsk Målungdom ministeren til å ta saka på alvor, og skaffa eit oversyn over kva kommunar som ikkje gjev eit godt nok opplæringstilbod.

– Det viktigaste er at finst gode og rimelege læremiddel tilgjengeleg på nynorsk. Diverre skal det ikkje meir til enn små, praktiske hinder for at kommunane ikkje får på plass eit opplæringstilbod, seier Svendsen.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.