Statens Naturoppsyn (SNO) har dei siste dagane jakta etter jerv med helikopter.
Både i Luster og Leikanger har SNO vore i lufta på jakt etter det frykta rovdyret. Rein Arne Golf i SNO, opplyser til Sogn Avis at jaktlaget kryssa i luftrommet over Sognefjellet og Jostedalen tysdag.
– Me såg far etter jerv, men klarte ikkje å følgja det i snøfattig terreng, seier han, og opplyser at dei heile onsdag var over Leikangerfjella. I helikopteret var det folk med lokalkunnskap, samt ein innleigd jegar austfrå.
Sogn Avis lukkast ikkje å få kontakt med Rein Arne Golf onsdag ettermiddag.
Nye kommentarar