I samband med NM i Fjelltelemark på Leikanger har ungdomsrådet i samarbeid med idrettslaget Syril og Opplev Leikanger teke initiativet til arrangera Open Hall i Saften.
Tilbodet, som er det første i sitt slag i Leikanger, gjeld ungdom mellom 13 og 18 år.
Spennande
– Dette vert spennande, seier Kristian Slinde i ungdomsrådet. Han fortel at Open Hall har vore eit tema etter at fleirbukshallen stod ferdig.
– No er me endeleg klare, og det passar godt å ha Open Hall i samband med eit så spennande arrangement som Noregsmeisterskapet i telemark, seier Slinde.
Først er det premieutdeling i hallen, så overtek ungdommen.
– Sjølv skal eg vera med på rennet, og då vert det ein fin avslutning saman med ungdomen i hallen, seier han.
Ulike aktivitetar
Ungdomane legg opp til eit breitt spekter av tilbod under arrangementet.
– Me har landa på ulike aktivitetar, fortel dei to andre i komiteen, Lina Hæreid og Bjørn Sølsnæs. Det lokale ungdomsbandet, Takras, skal ha ein minikonsert, klatreinstruktørar vil visa veg i klatreveggen, og det er lagt opp til volleyballturnering.
– Me håpar alle klassane stiller lag. Det vert også dans og disko, og truleg nokre akrobatiske øvingar, for dei som vil prøva det, fortel Lina og Bjørn.
Nye kommentarar