Sogn Cykleklubb sine treningssugne medlemer jublar.
Statens vegvesen opnar for sykkel i dei to tunnelane mellom Sogndal og Leikanger.
– Det gjer oss i stand til å starta oppkøyringa framfor sesongen, seier Stig Vattekar, som testa Stedjebergtunnelen i går ettermiddag, saman med lagkamerat Erik Stedje.
Miljøvenleg
Dei to er samde om at tunnelen er eit godt alternativ i periodar med vinterstengd veg på utsida av tunnelen.
– Det fremjar miljøvenleg pendling mellom Leikanger og Sogndal, men også trening, seier han.
Han er takksam for at Statens vegvesen har gått med på dette.
– Me har teke ned forbodsskilta, opplyser Magna Vangsnes, seksjonsleiar ved Statens vegvesen.
Prøveordning
Ho presiserer at tiltaket er mellombels.
– Det er for å gjera det farbart for syklande i periodar det ikkje er farbart for sykkel på utsida, seier Magna Vangsnes.
– Kor lenge skal denne ordninga vara?
– Dette er å sjå på som ei prøveordning, det kjem førebels til å gjelda for denne vinteren, seier Magna Vangsnes, og legg til grunn at vegen på utsida blir sykkelveg att straks vegbana er farbar.
Nye kommentarar