...
KONSENTRERTE: Kjersti t.v. og Kari i djup konsentrasjon. Dei to knivglade jentene spikkar seg ein båt og ei skei. Foto: Sigrid Svartefoss

Ikkje alle kan få vera med

Kari og Kjersti er konsentrerte der dei sit og spikkar, uvitande om at dei er mellom dei heldige som fekk vera med på Kulturspiren.

Sigrid Svartefoss E-post
Publisert 16.02.2010 kl 14:37 Oppdatert 16.02.2010 kl 14:37

Tips ein venn på e-post:

Kulturspiren

...

Laurdag var det full rulle i Sogndal kulturhus. Ungar stod seg i kø ein halv time før dørene opna for å vera med på spennande aktivitetane på den populære Kulturspiren, men ikkje alle fekk vera med.

Er for få

– Diverre hender det me må avvisa ungar. Instruktørane gjer ein kjempejobb, men me har rett og slett for få frivillige, seier Kristin Ylvisåker.

Ho har ansvaret for gjennomføringa av Kulturspiren som Sogndal kulturhus står bak. Spiren er inne i det sjette året sitt, og ungar strøymer til. Også på ein flott vinterdag med sol frå knall blå himmel, og snøføre lokkar i fjellet.

– Imponert

– Eg er imponert over alle frivillig som stiller opp ein laurdag. Dei gjer ein kjempeinnsats, til glede for alle ungar, seier Ylvisåker.

Ungane betaler 30 kroner, og så flyttar dei seg frå bord til bord, alt etter kva aktivitetar dei ynskjer å vera med på.

Til stor sorg for mange av ungane fekk dei ikkje brodera på laurdag.

– Me er sårbare når medhjelparar må melda forfall, seier Ylvisåker.

Laurdag var det godt 80 ungar innom dørene.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.