Denne karen er tidleg ute.
Dagfinn Ottersked tok bilete av ein einsleg stare på foringsbrettet i Vik 13. februar.
– Det er tidleg. Staren har truleg overvintra lenger sør eller på kysten. Han var i allefall svolten sidan han forsynte seg grovt av solsikkefrø, fortel Otterskred.
Johannes Anonby, rådgjevar hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, stadfestar at dette er tidleg.
– Det er tidleg, men ikkje eksepsjonelt tidleg, seier han, og legg til at denne staren truleg ikkje har trekt så langt sidan han dukkar opp alt no.
– Når det er milde vintrar, er det meir sannsynleg at stare kan overvintra. Det er nok ikkje dei beste omstenda no, seier han.
Anonby opplyser at det er vanleg at staren dukkar opp her i distriktet i mars.
– Det er nok den første arten som kjem. Dei kan dukka opp alt tidleg i mars, seier han.
Har du teke bilete av vinter og kulde, eller kanskje eit tidleg vårteikn? Send det gjerne til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord Sotips til 1982
Nye kommentarar