...
POPULÆR: Bace Camp Tungestølen er eit fargerikt og aktivt innslag på Veitastrond. No vert det permanent leirstad. (Arkiv)

Lagar permanent leirstad

DNT skal bruka 1,1 million kroner på å byggja opp Bace Camp Tungestølen.

Eli Grotle E-post
Publisert 15.02.2010 kl 10:37 Oppdatert 15.02.2010 kl 10:37

Tips ein venn på e-post:


DNT Oslo og omegn (DNT) har drive leiraktivitet på Tungestølen på Veitastrond sidan 2001. Dette har vore populære arrangement.

Fast stad

DNT har dei siste par åra gjort ei vurdering på om dei skal satsa på ein fast leirstad i Noreg for desse arrangementa, som fram til no har vore gjennomført på ulike plassar.

Etter ei vurdering i organisasjonen har leiinga avgjort at dei vil byggja opp ein meir permanent plass på Tungestølen med namn Bace Camp Tungestølen.

Utvikla området

No ønskjer DNT å byggja opp eit lager og eit administrasjonsbygg med kontor og kjøkenkrok. Det skal også byggjast toalett. DNT vil også utvikla område for klatring, hinderløype, eventyrløype og natursti. Dei vil samarbeida med bygda om merking og vedlikehald av stiar og bruer.

Leiren kan også leigast ut til andre enn DNT, som planlegg å nytta plassen frå om lag 1. juli og fram til skuleferien er slutt.

Toalett

Den totale kostnaden for heile anlegget er planlagt til 1.1 million kroner. DNT arbeider no med søknader til fleire aktuelle institusjonar for medfinansiering.

Luster kommune har fått spørsmål om sponsa anlegget med 75.000 kroner til leirstaden. I tillegg er dei spurde om dei kan ta kostnaden med drifting av toalett i sesongen når leirstaden ikkje er open. Toalettet vil vera ope for alle, også når leiren er i bruk. Luster formannskap stiller seg positiv til søknaden.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.