– Det er unormalt at gamle folk tek seg av saker og ting, men eg er ikkje meir enn 88 år.
Det sa Botolv Hov – arkitekten bak det sterke ønsket om å få til lokal produksjon av flis- og pellets.
Ideen er å dra heile Vik kommune med i ein innsats som forsyner seg av skog og kratt som veks utanfor dørstokken. Produksjonen av pellets som er flis pressa med enormt trykk. Brennverdien er tre gonger så høg.
Kaldt blod
– Me har jobba i det stille – eg, Rune Hatleli og svigersonen hans. No går me hardare ut, men me har fått litt kaldt vatn i blodet, erkjenner Botolv Hov.
88-åringen er blitt kjent med at flis- og pelletsmarknaden er svært tøff, men Botolv er ikkje typen som gir seg i første motbakken.
– For 30 år sidan produserte me det første kjølepanelet her i bygda. I planleggingsfasen hadde ikkje fem-seks ingeniørar i Oslo ingen tru på oss men Fresvik Produkt er framleis i drift, sa Hov.
Eldhusproduksjon
Botolv Hov ser for seg Vik kommune som storkunde med sentralt plasserte Eldhuset i Flatbygdi. Biobrenselanlegget har årlege behov på 500 kubikkmeter pellets levert frå Møre.
I fjor utgjorde innkjøpet 630.000 kroner og produksjonen var 1,5 kWh som dekkjer delar av varmebehovet ved Vik bygde og sjukeheim, Flatbygdi skule og Vik fengsel. Fleire bygg kan bli kopla til anlegget, behovet for råstoff blir dermed òg større.
Nye kommentarar