...
MÅLMEDVITEN: Rolf Navarsete kjempar for nynorsken i Menykjeda. Foto: Keth Øren

Målkamp på menyen

Butikkeigar Rolf Navarsete insisterer på å ha nynorsk som målform i Menybutikken sin, men vedgår at det er ein evig kamp.

Siste nytt frå sporten

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 13 Vikafjellet
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 20 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Rv 15 Måløy - Nordfjordeid, ved Haugland
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
Hanne Stedje E-post
Publisert 11.02.2010 kl 00:52 Oppdatert 11.02.2010 kl 08:09

Tips ein venn på e-post:

Butikken i Sogndal er den einaste av dei litt over 160 butikkane i Meny-kjeda som nyttar nynorsk i sitt annonse- og reklamemateriell, men det har ikkje vore noko lett sak å få trumfa gjennom hjå dei sentrale styringsorgana. Butikksjef Rolf Navarsete har jobba hardt og målretta for å få det til, og seier det er ein evig kamp.

– Det har skjedd mykje i daglegvarebransjen dei siste tjue åra med nye og større kjeder. For kvar gong me har bytt kjede, har eg måtta teke diskusjonen og kampen for å få nynorsk på reklameplakatar og i annonsane om att og om att.

– Eg har ikkje vilja gjeve opp heller, dette har med identitet og kultur å gjera, men eg skal ikkje leggja skjul på at det er vanskeleg å overtyda dei som sit sentralt om at det bør vera slik, seier Navarsete, som altså er den einaste i heile Meny-kjeda som insisterer på dette.

– Det at dei vil ha eitt språk har sjølvsagt med økonomien å gjera, det blir jo dyrare å trykkja reklamemateriell to gonger. Då me gjekk inn i Meny i 2005 måtte eg bruka tid på å overtyda folk om at me måtte får annonsera på nynorsk og ein må stadig halda folk litt i øyra når det gjeld akkurat dette.

– Eg ser på meg som sogning, og dette handlar om vår identitet, det er det same som det er språk eller transport eller kva det måtte vera. Når «sentrum» oftast er definert som området rundt Oslo, er også det meste av tankegongen basert rundt dette, og når det har vore slik lenge nok, blir det vanskelegare å komma med nye impulsar, seier han.

Les meir i dagens utgåve av Sogn Avis

...

Kortare periode med rypejakt

Nyhende Det kan gå mot ein mager sesong for småviltjegerane på Vikafjellet. Les meir

...

Sommarpatrulje-finalen avlyst

Nyhende Av ulike årsaker har me valt å avlysa finalen for Sommarpatruljen til Sogn Avis. Me vil likevel plukke ut vinnarar av SognaQuiz og SognaTriks. Les meir

Dronninga planta plommetre

Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

...

Innspurt for sommarfoto

Nyhende Har du fine sommarbilete og vil vera med i konkurransen om kurs frå Sogn Avis? Les meir

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.